Side:Per Sivle - Sogor.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
III.

Men det var dette eg vilde draga fram, at i hugen min eigen, saar som han alt var det, tok atterdøypartankarne seg meintak, — og det kunde dei so mykje meir som det var meg kunnigt, at eg ikkje var døypt plent soleis som flestalle andre.

Ja, for eg hadde høyrt fortelja, at det nok var lite sjaaande liv i meg daa eg kom her til verdi: og so klemde dei i ein ruff til og døypte meg med same; for dei fælte eg snart skulde slokna. Men kor rettugt det med dette var tilgjenge, det maatte Vaarherre vita!

Eg byrja so smaatt fretta etter hjaa ho mor, — og fekk so greida paa at det var godmor som døypte meg, sidan ingen likare var til stades!

Ho gamle godmor! — tunghøyrd og stutthugsi som eg mintest henne! — — aa ja, det var kje betre ventande daa enn at det kunde ha gjenge ymist!

So naar alt kom til alt stod eg kann henda likt med sjølve heidningarne, eg. Og galne vegen peika det, um eg aldri so mykje freista verta eit Guds barn; for daapen var no døri han, korso.

Hadde eg berre stade jamsides alle dei hine, — vore kyrkjedøypt! — eller døypt av mannshand endaa! — det kunde likevel fenge skura for meg som for andre daa. — Men denne gamle kjerringi! — — du skulde aldri i verdi maken til tusseskap ha høyrt!

At dei bar meg aat kyrkja ein sundagen seinare og lét presten lesa yver meg — hm! det var det