Side:Per Sivle - Sogor.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

svevnen baade her og kvar, og klokkesmeden vart allstødt fagna som eit reint serlaga gudsmenne.

— Nei, der var det ein sundagseftan han tala burte paa Seim. Men eg skal tru det kom undring og støkk i mugen daa han paa seinsten i preika si orda ut um, at det var vel nok nokon kvar tok til aa søkja den tronge vegen til gudsriket, — berre det ikkje vart eit stræv i faafengdi, naar det var paa sjølvvise gjerdi vaar eigi me gjekk fram. Alle saman kjende me bodet: fyrst tru, sidan daap! — soleis var det Vaarherre vilde hava det. Men var det kann henda likevel ikkje den vanlege visi aa freista trengja seg inn gjenom porten traass imot desse ordi, som ingen kunde ynskja seg klaarare. — Endaa han vilde so langt ifraa setja seg upp paa domarstolen; det fekk Vaarherre gjera, han med naaden høgre enn alle himlar. — Men kor som var: den som paa rette maaten vilde yver gudsriket sin dørstokk, laut fyrst tru, og so verta døypt. Og til deim som var døypte fyrr dei enno evla tru, vilde han segja: lit ikkje paa barnedaapen dykkar! gakk heller stad lat dykk døypa uppatt!

— Eg skal berre med harefot snerta innpaa alt det uppstyret som dette gav støyten til der i heimkrinsen, korleis bygdefolket sanka seg i tvo hopar, ein større som heldt preikaren for ein satan sin utsending, og ein mindre som fann honom vera burtimot ein engel fraa Vaarherre, — at presten og atterdøyparen paa nokre møte dei heldt, kjeftast so det fauk etter; og meir sovore. Nok er det, at han Torbjørn Hauge og han Ola, son hans, og so han Jens Teigen vart uppattdøypte fyrr klokkesmeden strauk sin veg ut paa hausten.