Side:Per Sivle - Sogor.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

baud. — — Men nei aa nei, so trøysamt dei likevel maatte hava det!

Det bar daa tidaste soleis til, at eg umsider skunda meg med dirrande hand stinga salmeboki eller katekisma i fikka til aa hava som eit plaaster eller muleband paa samvitet, naar eg la av garde i fljugande tan.

Og ingen var sidan fusare midt upp i leiken enn eg, til dess det var myrke kvelden.

— So fekk eg annsamt med aa trega brotet og lova Vaarherre og meg sjølv det skulde vera seinste gongen eg lét den freistaren lokka meg.

Men naar sundagen kom, tok det gjerne same leidi — og dette uppatt og uppatt.

II.

Tidi skreid, til pinsehelgi var yver.

Daa var det der kom ein klokkesmed reikande og gav seg til framme paa Hauge.

Det var nok so han aatte heime nede i Stavanger fraa det fyrste, men hadde — sa han — i fleire aar vore utanlands, baade i England og Amerika. — Han var ein vesall skrinn mann med svart haar og skjegg og myrke sterke augo.

Det spurdest snart at han var med lesarane. Sundagen etter han var komen heldt han samling i stova hans Torbjørn Hauge; og dei som hadde vore der var sams um at make til kløkkjande preikar hadde dei aldri høyrt.

Det varde ikkje lenge fyrr han preika mest til kvar einaste kvelden, anten i vaar eigi eller og i grannebygdi. Folk tok til aa kvekkjast upp or synde-