Side:Per Sivle - Sogor.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

skulde i skulen; for paa den sleden var det dei køyrde han Nils til gravi.

Det vart alt verre di lenger det leid. — Eg freista beda til Vaarherre. Men der stod han Nils stengjande og skræmde bøni munnvali attende; han stod der klaga og klaga meg fyre honom den rettvise hemnaren, som hadde evle kalla meg til domen kva tid og time han vilde. Og berre altfor vel tottest eg vita kva eg so kunde venta meg.

— Men var der bergingsvon, vart det daa likevel Vaarherre eg maatte ganga til. Eg laut prøva venda um og verta eit Guds barn.

At dette var ein tung og vand veg, det hadde eg baade høyrt og lese meg til. — Og eg visste det var ein hjarteleg anger som bar fram til den fyrste milestolpen paa vegen.

Eg totte endaa so, at eg hadde trega vondska mi beiskeleg. Men naar eg no tok til aa naglefara meg sjølv og leita etter, vart det stødt til at den rette angeren ikkje var aa finna. Og di meir eg truga meg sjølv til aa trega, di hardare og kaldare kjende eg meg i hjarta.

Segja seg laus fraa denne verdi, det og var kravet til deim som etla seg den smale stigen — —. Men den bakken vart meg tung koma upp.

Naar eg um sundagen sat inne las i bøneboki eller huspostillen, fysste og saud den friske barnefysna etter leik meg i hugen. — Eg visste at no heldt dei andre gutarne paa — — synda seg burt med aa kasta skothella nede i vegskilet. Og det vart no verst for deim sjølve, det. Eg hadde fenge augo upplatne eg, og hugsa kva tridje bodordet