Side:Per Sivle - Sogor.djvu/91

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
HEIMEDØYPT
I.
F

red, det var meir enn eg hadde etter den tilburden med han Nils. Brotet vart liggjande tyngja som ein kaldvaat skoddedott, som eg ikkje kunde evla koma meg utor.

Det var som han Nils fylgde meg trutt kvar eg so heldt til. Eg hugsar kor eg stundom spratt i vêret og saag attum meg, med so skilleg ei nemjing at eg hadde han der straks i ryggen.

Vissa var det no den lukti av klædi hans som eg ikkje fekk ifraa meg.

Det hende fleire gongjer naar eg laag sov, at eg skvatt upp vitskræmd iferd med aa kovna. Daa var det han Nils som laag meg paa bringa og strypte og strypte.

Høvde det seg eg laut framum vegen til Harkahaugen, la eg jamt i laup det snøggaste eg vann.

Ein sundag eg var ved kyrkja kjende eg som vart eg naamen i knei daa eg steig inn paa kyrkjegarden og hugsa, at det var her han Nils laag.

Og langsleden hans Lars Seim gjekk eg jamnan umveg fyre, der han stod i tunet naar eg kom