Side:Per Sivle - Sogor.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

snøen ein snipp av eit graarutute klædeplagg med ein stor blank knapp paa.

Og ikkje at eg tok i miss av anten plagget eller knappen; den trøya hadde i si tid vore mi.

Eg sette i med eit skjerande illskrik, og skunda meg ifraa so fort dei skjelvande knei vann bera meg.

„Her hev me han, karar!“ ropa han Salamon.

— Og det var han Nils som laag der, illereidd so det var med naudi han hekk saman daa dei la honom yver fire bjørkestaurar og bar honom imillom seg nedetter.

Han Lars Seim saga sund nokre bord, slo ihop ei kista og la liket ned med same; aa klæda av og fli, var uraad, sundslege og brote som det var. — Likblæja, det vart gamleklædi mine.

So spikra dei kista.

Tridje paaskedagen kom ho i kyrkjegarden paa Uppheim.

— Og so hadde han Fante-Nils fred.

————————