Side:Per Sivle - Sogor.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det saag ille ut paa bustaden daa dagen var komen. Smidja var stroken sin veg, govet hadde rive halve fjøstaket av, endaa til ei munaleg flengja av stovetaket; og nævri fór fluksa og fauk i vinden burtetter haugar og dekker.

— I den hi sokni hadde tvo gardar og trettan menneskje fare ille, spurdest det ved kyrkja paaskedagen.

Men her i grendi hjaa oss var det sjaaande at det hadde gjenge vonom likare.

— Det leid alt fram yver dugurd daa han Kolbein Hagen kom med bod, at Harkahaugen hadde gjenge ut, og at han Nils, ikkje rettare folk visste, hadde vore heime.

Eg vart, der eg sat, som naamevalen yver heile kroppen. Aa, du Nils, du vesle Nils!

— Ein eller tvo karar fraa kvar gard stauka i veg uppetter med rekor og grev paa akslerne.

— Det var som krabba fælska meg nedetter ryggen berre eg drog meg i tankar Harkahaugen og han Nils. Men likevel var det meg ikkje raad vera heime anna eitkvart dreiv og dreiv meg av garde. Og so gjekk eg med, eg og.

— Av husi der uppe var ikkje anna aa sjaa enn einkvar stokken og fjøli som stakk upp or snø-gyrja bakkarne nedetter.

Kararne tok til aa grava der dei trudde stova hadde stade. Dei naadde og nedpaa, men fann inkjevetta anna enn berre tufti.

Ja, so var det uvisst leita. Dei spreidde seg, gjekk rota og grov i snøen baade her og kvar.

Eg fylgde han Salamon, eg. — Best som det var han stod støyrde med reka, der vart eg var nede i