Side:Per Sivle - Sogor.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hadde rett til aa gjera det. Men di meir gnog og terga det meg.

„Aa, du kann gjerne eta,“ sa eg; „han er likso god maten min i dag, som han fyrr hev vore.“

Han snudde seg og gjekk paa døri.

Eg var ikkje kar faa einaste biten ned eg heller; so la eg ut etter.

Han gjekk stad sette seg nedan løda. — Det var som eitkvart truga og dreiv, so mine eigne føter tok same vegen.

„Kvifor vil du ikkje hava mat, Nils?“ — visste, sjølv berre meir enn vel. —

„Aa nei — — eg fær no freista berga meg deg forutan heretter.“

— At ordi som kom meg paa tunga til svar var verre enn harkevorne, det hadde eg kjensla av; men mitt saara storlæte skauv paa med eit helvites evle, og mest fyrr eg sjølv visste av og vilde det rulla steinen.

„Aa ja — — det kann so vera; — — naar — — naar ein hev ein far — — som han Anton aa stydja seg til — — so — — —“

Eg kom ikkje lenger fyrr han Nils flaug upp og i bringa paa meg, kasta meg ned som var eg eit reivebarn, og so til aa gjeva meg smurning slik at eg aldri i mine dagar maken hadde smaka.

Dei andre skuleborni strøymde til etter skriket, nokre av dei sterkaste gutarne reiv han Nils av meg, kasta han vidopen under seg og heldt han soleis.

Eg sprang upp som galen, blødde gjorde eg i baade munn og nos, og flaug stad vilde setja honom foten i skjelta. — Men det fekk eg ikkje lov til.