Side:Per Sivle - Sogor.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hadde han ikkje; men dei laante eg honom so gjerne, rettleidde og hjelpte honom elles og, alt eg visste.

— Det synte seg snart at det fanst ikkje opnare øyra i skulestova enn han Nils sitt. Og framifraa gløgg og vitug var han, med eit minne, so naar berre han høyrde noko, sat det som var det honom kinka i hausen.

— Me vart betre og betre vener me tvo, di lenger det leid. lkkje eingong han Sjur-Ola stod meg no jamsides med han Nils.

Endaa sumt var der ved honom som baud meg imot. Klædi hans lufta jamnan so ille ufjelgt; og ein dagen saag eg ei stor lus krjupa honom nedetter fillute raude halskluten. — Men naar eg so hugsa kor subbute det var i heimen hans, kunde eg segja meg sjølv at det var honom raadlaust halda seg rein, stakar. — So berre eg tok meg i vare, men vakta grant etter at han inkjevetta skulde merka.

— Eg tok so smaatt til aa lesa tysk og engelsk den vetteren. — Det var skulemeisteren som seint um sidan fekk dette drive igjenom hjaa han far. Tvo gonger i vika gjekk eg sør til lensmannen; der hadde dei huslærar.

Men aldri fyrr fekk eg fat paa han Nils fyrr eg pumpa i honom kva eg sjølv lærde etter kvart.

Det var dei gildaste draumarne vaare, at naar me vart vaksne karar skulde eg verta bisp og han prest; og so kunde det vel vera me skulde hava fagna dagar!

Det loga i augo hans Nils naar eg soleis heldt paa maala ut.

At han heldt av meg og trudde meg vel framfor nokon, det var vandelaust nemja. Beinken fann eg