Side:Per Sivle - Sogor.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Seg det ein gong til, det der!“

„Du er ikkje far min! — du er ikkje far min!“

Eg hadde stade reint som fjetren, eg, medan dette gjekk paa. Men daa eg so saag han Anton rette neven etter ein jarntein der laag, koka ovsinnet i meg upp. Eg treiv ein hamar fraa bordet og hadde sovisst klemt honom i svarte taterskjelta med alt mitt evle, hadde ikkje ho Birta gripe armen min.

Slepte han honom Nils, gjorde ubeistet, og hadde sagte roke like paa meg, um ikkje kjerringi var sprungi imillom.

„Aa lat han berre freista!“ skreik eg; „du kann lita paa du skal til lensmannen, din kolute devel du er. Han spurde han far etter deg igaar, so han hev endaa auga med deg, kann du tru!“

Men aldri fyrr hadde eg teke lensmannen paa tunga, fyrr ukjura var mjuk som ei vidja.

Aa nei, det var nok so langt ifraa meiningi hans 1eggja hand paa so bra folks born som son hans Torstein Kvaale, lét han um. Han vontest no og eg ikkje vilde fortelja dette heime. — Men var det kann henda raad anna enn arga seg paa den slauren; — ja, for eg skulde berre vita kor ureipen han var, endaa so sleikje-fin han visste gjera seg naar han var framande.

Men eg for meg lova, at det fyrste eg fekk nasa upp dei fór ille med guten, skulde ja menn baade han far og lensmannen faa greida paa alt saman.

— Eg kom i skulen dagen etter.

Han var vorten avsett, han gamle Lars, den hausten. Ein ny skulemeister var komen, ein ung seminarist som heitte Sjur Uppheim, og ei stova