Side:Per Sivle - Sogor.djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


— Ein dagen som eg skulde stad til tateren med ein sundbroti rokkesnelda naadde eg han Nils uppe i lidi; der sat han paa ei bjørkerot og sturde med andlitet i lokorne.

„Kva vantar deg?“ spurde eg.

Jau, han torde ikkje gaa heimatt; for han var rædd dei reint skulde skamslaa han, sidan han mest inkjevetta hadde med i sekken.

Kvifor han so ikkje hadde gjenge heim til Kvaale?

Nei, der var han igaar, der.

„Aa, kom no, du“ meinte eg. „Han slær deg ikkje naar eg er med.“

Det var kje meir enn som so han leit seg til aa smetta etter meg inn i stova. — Ufjelgare rom skulde du snaudt kunna sjaa; draup fraa taket gjorde det baade her og kvar, paa golvet krabba ungarne kring, lortute som griser, i væta, rusk og styggedom, medan ho Birta sat uflidd og halvnaki paa ein krakk burte ved peisen, der kaffikjelen hekk oste og saud. Tvo av dei fire rutorne i vesle glaset var ute, og nokre fillute sokkar og ei gamall brok var dytta i holi; og der burteved heldt han Anton, sotute og bustute, paa med eitkvart arbeidet.

Eg var just iferd greida ut ærendi mi, daa kjerringi tok til aa bruka seg paa den fille slya som ikkje blygdest koma heim med tome posen.

Og upp flaug mannen paa raude rappet, treiv han Nils i luggen og til aa lyvja honom med nevarne kring øyro so det small og sokk etter.

„No skal du læra kjenna far din, letingen!“ skar det honom or kjeften.

„Du er ikkje far min, du!“ kveste han Nils i, traassug med eitt, og freista slita seg laus.