Side:Per Sivle - Sogor.djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
I.
H

an var paa alder med meg sjølv, og eg var ein gut millom trettan og fjortan aar, daa han kom der til bygdi.

— Det var ein dagen fram paa hausten, kaldt i vêret so det tok tid for solauga aa tina hela upp, ho laag der graakvit burtetter alle bøar.

Han far og han Salamon var ved kverni, og eg og ho mor var tvo-eine inne i stova.

Ho var iferd med ei kirning, ho, og eg hjelpte henne. Ho hadde stræva fraa morgonen tidleg; men endaa det longe leid fram yver middag, var det enno ikkje sjaaande likt til smør paa krossen. Rjomen berre auka og auka, so ho laut ausa upp i skaaler rett som det var.

„Eg skynar ikkje dette,“ sa ho; „berre det ikkje maa vera framfyre noko ilt noko. Eg er so ottesam for ho Linderos.“ — Ho Linderos, beste kui vaar, stod bui skulde bera.

Daa var det han synte seg i dørglytten.

„So ja menn er no der ein fant att,“ mulla ho mor.