Side:Per Sivle - Sogor.djvu/50

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hadde me av aa grava etter myser og lemende under steinar og tubbor, so berre moldspruten stod.

Det var no og reint makelaust til vit der sat i den hundehausen. Ein gong me var uppe i fjellet ei mils veg heimanifraa, batt engelsmannen reiseflaska si med ein liten setel attved um halsen paa hunden, og bad han gaa. Eg trur ikkje det varde yver ein times tid fyrr han var der att, med flaska full av vin og med namnet hans far paa setelen.

Mister Johnson fortalde endaa, so vidt eg vann skyna honom, at han eingong i England fekk „master Hall“ til aa symja med den eine enden av eit reip i kjeften ut til ein mann som laag og baska i elvi og heldt paa aa bliva. Og mannen vart berga, han, soleis, høyrdest det ut til.

IV.

Ja, det var hugnadsame dagar desse. Det var berre synd dei skulde faa slutt so braatt, og so paa slik ein uheppen maate som det dermed bar til.

Der stend so paa lag ein fjordungs veg nordanfyre Kvaale ein nut dei kallar Jorbergnuten. Han er namngjeten vida, baade innan- og utanlands, denne nuten. Men so er det no og ein ovkar aa sjaa til. Han er yver sine fire tusund fot høg, og sting ende i vêret paa dei tri sidorne, jamlagd mest som han var hoggen; men uppe er han so fint svarva som det skulde vera ein sukkertopp. Til den fjorde kanten, der han heng saman med fjelli innanfyre, er floget korkje so høgt eller so bratt, og upp der er det ingen vidare vande naa toppen.

Midt uppe i veggen som snur ned mot dalen, er