Side:Per Sivle - Sogor.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

best som det var, høyrde gardshunden vaar, han Passupp, taka paa aa halda eit syndeleven nede paa vegen. Han illgøydde, og han kvein og bar seg so det var reint ulikt. Men ender og daa kom der med innimillom eit glufs so grovt og holt at det var diplegt aa høyra.

„Nei, men so spring daa ut, du Per,“ sa ho mor, „og sjaa kva det er hunden baskar med!“

Men enno fyrr eg vel hadde fenge lagt skeii fraa meg og kome meg fram fraa bordet, høyrde me stig ute paa tunet.

So tok det i klinka, og inn igjenom dørglytten stakk det med same eit mannlikan, slikt at eg enno aldri maken hadde set.

Lang var han og smal var han som eit riveskaft; hatten hans var liten og striput, andlitet tunt og treturt, med naseklemma og uhorveleg langt ljost kinnskjegg; trøya og knebroki var roglelita som ei røy, sokkarne graae, og snørestyvlar hadde han uppetter dei tvo pipestylkjerne til smalleggjer.

Han vart standande eit ørlite bil med klinka i handi og bisna paa oss; so nikka han, krøkte seg under tverstokken og steig inn.

„Aa nei, aa nei“ sa ho mor, og flutte seg lenger inn paa benken.

„Jau, beiske deg!“ tok han Salamon, tenestdrengen, i, heller noko laagt.

Men daa eg so samstundes vart stird framum honom som inn var komen, kunde eg ikkje halda meg fraa aa setja i eit illskrik av rædsla.

For der attum honom stod med labbarne paa dørstokken og glodde inn i stova eit ubeist so skræmelegt, at eg ikkje kjende føterne under meg, so fælen vart eg.