Side:Per Sivle - Sogor.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Nystova var bygd inn ved den gamle, der far min, som no hadde teke imot garden, skulde halda hus; der var dør imillom.

Ho var reint namngjeti radt fraa fyrstningi denne stova hans godfar, hev eg høyrt segja, med di ho var det einaste maala huset som fanst paa lang leid. Blodraud som ho var, gløste og glimde det av henne uppe paa Kvaalshaugen, synberr som ho laag der framfyre heile bygdi.

Det fyrste som eg minnest, var no han godfar longe gøymd under torva; enkja hans var fari til Amerika, til ei syster ho der hadde, og nystova var komi i far min si eiga.

Ho var no ikkje just so glimande aa sjaa paa no lenger; bordklædningi var sprukki, og maalingi bleikna der ho ikkje var avdotti. Men endaa var no nystova paa Kvaale haldi for aa vera den gildaste stova der i bygdi.

Og inni var ho rett fin, etter høvet. Golvet var jamnaste reinskura, medan dei andre stovegolvi i grendi kunde takka til fekk dei seg ei laug til kvar høgtid. Tvo veluppreidde sengjer stod der alltid, og dei kom mang ein gong vel med, naar presten eller skrivaren eller og einkvar turisten skulde hava hus for natti i Hallvardsreppen.

II.

Ja, so var det daa den vaaren eg hadde fyllt mitt tolvte aar, — det var endaa den same vaaren morbror min, han Ivar Lunde, bleiv i Lønsosen.

Det var ein dag framunder jonsok, og me sat endaa og dogurda oss heime paa Kvaale, daa me,