Side:Per Sivle - Sogor.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

leis audmjuk og smaalaaten eg denne gongjen høyrde skillingen fara klingrande ned i øskja.

— — — Eg vart lenge liggjande vaken den morgonen frametter; eg laag tenkte og gruna paa so mykje og mangt.

Og daa eg endeleg sovna att med same det ljose solauga blenkte fram yver Li-nipa og keik inn gjenom ruta, daa hadde eg lova Vaarherre at eg vilde verta missjonær.

— Men at den lovnaden aldri vart liv, — — det likevel er ikkje triskillingen si skuld.