Side:Per Sivle - Sogor.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

til alt, han stakk pengarne i si eigi lumma, landlauparen!

— — — Og hadde nokon raaka koma inn i nystova paa Kvaale um ei rid, vilde han ha funne meg i berre skjorta standande paa knei i sengi iferd med aa skruva loket av penge-øskja. — Jau, so varde det heller ikkje lenge fyrr eg aa nyo hadde triskillingen millom fingrarne. Han var lett nok aa kjenna der han laag i kopardungen blenkte og skein.

— Men ikkje fyrr fekk eg smetta meg under felden att fyrr samvitet vakna med ofseleg magt. Skillingen brann meg i handi som var han gloande; eg hadde kjensla av at maken til styggedom visste eg meg ikkje, og meir enn gjerne vilde eg ha lagt han tilbake, men torde ikkje rikka meg av flekken, for eg fælte hin-mannen skulde koma fakka meg med same. Skolv gjorde eg som eit ospelauv, kaldsveiten taut fram yver heile min kropp, og endeleg braut stridgraaten laust.

Preikaren vakna og spurde undren kva som var tiss. Hakkande og hikkande kom eg so fram med kva ilt eg hadde gjort, og bad og velsigna honom taka den usæle triskillingen attende.

„Nei, mit barn,“ svara han, „det være din straf at du selv maa beholde den sølvpenning for hvilken du som Judas Ischkarioth har solgt din herre og frelser.“

Aa jau! tuta eg, — han maatte, han maatte! for utan fekk eg aldri meir ein glad time! — han laut! — han laut!

Og paa seinsten vart det so at han gav etter. — Men det veit eg, det var med hugen heilt annar-