Side:Per Sivle - Sogor.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Daa han so kom heimatt hadde stade ut læra, og vart klokkar i den hi sokni, jau daa var han storkaren fraa ende til annan; — du skulde ikkje anna sjaa enn haaret stroke upp som ein hanekamb, kvit krage og svart kjole med kluft baki, og eit maal tala han, som du skulde høyrt spurnadboki sjølv.

Det var gut som ikkje var klumsa framfyre bispen heller det. Daa tidi kom spratt han fram paa golvet som ein annan hallingdansar, gjekk so der svinga seg paa hælarne og sveiva med armarne, medan han spurde og preika og preika og spurde.

— Men han gamle Lars aksla seg og kremta seg og tok det med tol som han pla, han.

— Naar skulemeisterane vel var reiduge med sitt, kom bispen sjølv tok til aa høyra oss yver. Eg totte han saag so god ut, at eg var ikkje rædd heller daa eg endeleg hadde honom der beint framfyre.

„Kan du, min lille gut, fortælle mig noget om Jesu fødsel?“

Og det var no som tok han bandet av ein ertresekk, det. — Ja, so var daa det so bra.

„Naa! — Nattevagt over deres hjord — — — ved du saa hvad hjord er?“

„Det — maa vera ein bøling det,“ svara eg.

„Bøling?“ — ja, kva vilde det segja? — han snudde seg til skulemeisterane, som hadde sett seg i stolen straks nedanfyre.

Og han Anders Jakobsen upp med same: „Hr. biskopen maa undskylde, de taler desværre saa bondeagtigt disse børn.“

„Jeg ønsker at vide hvad „bøling“ er,“ sa bispen, og det so det beit.