Side:Per Sivle - Sogor.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Det var han far sjølv som køyrde meg, og eg skal tru eg ikkje var lite byrg daa me svinga ned framum kyrkja; der stod det alt bygdefolk store og smaae i mengd.

„Ja lat meg no sjaa eg ikkje fær skam av deg i dag, guten min,“ sa han far og kosta dumba av trøya mi.

— Jau, best det var der kjem bispen gangande, bøygd og bleik, med sylvkvitt haar ned under høge hatten, og med gullkrossen blenkjande paa den svarte kjolen.

Men bakum honom kom presten, feit og breid, um ikkje plent so høgt i vêret med nosi som han var van. Og so endeleg den tunne prestefruva med fem eller seks av borni deira trippande etter.

Hattar og huvor vart lyfte der fylgjet skreid framum og inn kyrkjedøri; so strøymde me andre same vegen til.

— Skulemeisterane stelte seg upp paa kyrkjegolvet, kvar med sine for seg.

Og so vart det beding og syngjing og lesing og yverhøyring.

Det var ikkje greidt aa vera skulemeister heller daa.

Han Ola Seim var den som fyrst laut i fikten, og endaa so kipen ein kar han elles vilde vera, so ja menn var det sjaaande kor han den gong dilla i knei, aldri so lite han raaka staa still.

Nei, so var han Anders Jakobsen anna til kløyvar. Fraa fyrst var han no berre fatige husmannsungen paa ein plass under Lunde. Men eit par aar etter han var framsloppen slo presten og nokre bygdemenner seg ihop kosta honom paa lærar-skule, og sidan endaa paa klokkar-skulen sør paa Stord.