Side:Per Sivle - Sogor.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Er du sint paa meg, vesle Per?“ sa han.

Eg svara ikkje, — kunde det ikkje heller, for eg kjende meg so underleg tjukk i halsen.

„Hev eg vore vond ved deg? — — — Men eg vilde deg det berre so vel kor som var, — — — for du veit daa det at eg held so utav deg.“

So braut graaten min laust aa nyo.

Skulemeisteren tok meg paa fanget; og korleis me tvo no sat snakka saman, det vil eg ikkje eingong freista mana fram att. Men det veit eg, at aldri korkje fyrr eller sidan saag eg ei taara trilla han gamle Lars skulemeister or auga.

Og paa seinsten sovna eg der paa fanget hans, med ei takksam kjensla av lukka og fred; men so trøytt, aa so trøytt, so trøytt.

V.

Leid det fram til laurdagen kom; og den dagen var det me skulde møta fyre bispen.

Tidleg um morgonen vakna eg, var ute or sengi og burt fekk i meg bisken i ein ruff; og so bar det aat bekken til aa vaska og skura so grønsaapa sveid i augo. Sidan paa med kyrkjeplaggi, sprettande nye fraa topp til taa, so henderne mine vart maala blaae av lo-liten berre eg strauk meg nedetter den skinande sylvknappa trøya.

Vesle-brunen var folunge den tid; men endaa han ikkje var meir enn godt og vel ei vika gamall, so ja menn dansa han so det slatt etter der me køyrde burtetter vegen med mor hans fyre stolkjerra. Han visste ikkje, stakar, at han um nokre dagar skulde verta morlaus.