Side:Per Sivle - Sogor.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ureipen mot han far, som Vaarherre sjølv hadde sett yver meg „til at byde og raade“.

Men her raaka han just slaa paa knall-perla. Det var dette som arga meg so beiskeleg at dei vilde velta all skuldi yver paa mi sida, medan eg sjølv etter Guds og mannsens log ikkje kunde skyna betre enn at retten var min.

Sinna burtimot vitløysa spratt eg upp, slo i bordet det vesle eg orka, og skar i med eit mæle som dirra og peip av ov-ilska: „nei, koke meg, so gjere!“

— Det vart stilt i stova so du kunde høyrt ei knappenaal detta.

So gjekk skulemeisteren med vyrdsame stig burtetter golvet og ut.

Eg visste med same kva dette hadde paa seg; for vart ender og daa ukjurskapen altfor stor, vanka det gjerne stryk paa nevarne.

Men eg berre beit tennerne ihop daa han kom innatt med eit munelegt ris i handi.

„Kom so med henderne, Per,“ sa han.

Og det gjorde eg paa den maaten at eg stakk honom baae knyttenevarne beint upp under nosi.

Fjetra steig han eit stig attende, saag eit lite bil paa meg, — braut so buska sund og gjekk stad stakk henne inn i omnen.

No fyrst bar det i graat med meg — ein graat so skakande sterk som eg enno aldri hadde graate; og det gjorde baade varde og rokk fyrr eg kunde halda upp att hiksta og hikka.

— Frampaa kvelden, som eg sat attum smidja, kavande med tankar so myrke og so saare, visste eg ikkje ordet av fyrr skulemeisteren stod framfyre meg.