Side:Per Sivle - Sogor.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

visste ikkje av vondt aa segja, eg, fyrr fram ved middagsleite.

„Ja,“ sa skulemeisteren, „no fær de taka fritimen dykkar, born; — men du Per kann faa lov sitja her, du,“ la han til.

— — — Eg vart berre standande munnopen glana honom upp i augo.

„Du forstend vel det er meiningi du skal sitja att i dag?“

— Sitja att? — — eg? — — — Ja, so med ein gong skyna eg korleis det hekk ihop.

Men so saara og illsinna som eg daa vart vil eg ynskja eg aldri meir maa kjenna meg.

Ned att sette eg meg paa flekken, og vart sitjande timen til ende med henderne under hoka, nidstira i bordet. Tisking og knising høyrde eg ikring; for det var dei som var ovundsjuke paa meg etter di eg stødt stod meg so godt med skulemeisteren, og no totte dei dette fór vel, maavita.

Borni fekk bod taka nista med ut paa bakken, og skulemeisteren sjølv gjekk aat hi stova, skulde faa maten sin der den dagen. — Um ei rid kom han ut i nystova att, gjorde ei snuning innyver golvet, men gjekk so sin veg utan aa mæla eit ord.

Jau, endeleg var kvildi til ende og ungarne ropa inn att. Naar alle hadde sessa seg, kjem skulemeisteren hit, bed meg lesa det fjorde av bodordi.

— Aldri knystet fekk han høyra.

So las han det sjølv, tok sidan til aa leggja ut um deim „som hædrer fader og moder“, at „de skulle længe leve i landet“, og slutta med aa spyrja um eg no ikkje hjarteleg trega at eg igaar var so urei-