Side:Per Sivle - Sogor.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Jau, so var eg endeleg nede or bjørki att, etter at triskillingen fyrst var godt og vel gøymd i eit trepikkar-hol.

Og alt som solstripa kraup uppyver den store snø-tinden i sud, kraup eg nedyver mot garden, løynande meg so mykje raad var attum stuvar og steinar.

Vart det daa umsider so dimt at eg for harde livet ikkje torde vera ute lenger.

Og no fekk det skura! Muneleg stryk kom eg sagte til aa faa; men triskillingen kunde dei no kor som var bita seg i gomarne etter!

Ottesam og stillvoren som ein tjuv smatt eg meg innum døri; — nei, ikkje nokon lest ein gong sjaa meg. Eg byrja so smaatt faa voni upp; for eg hadde ja menn venta meg anna i velkoma. — Daa det leid um lite vaaga eg meg burtaat bordet, fekk i meg noko graut og mjølk.

So smatt eg ut i nystova, smaug i seng, og takka fyrr eg sovna Vaarherre som hadde laga det so godt alt ihop.

— Men den takke-bøni kunde eg gjerne ha venta med til det betre var høve; for so reint snikkelaust var det heller ikkje meiningi eg skulde sleppa.

Eg var ein ærekjær gnasse, og noko sovore som aa faa tukt i skulen var eg rædd som dauden sjølv. No visste han far dette, og hadde daa vore so utifraa meinsleg beda skulemeisteren „setja meg att“ dagen etter, til bot for traaskapen min.

Fjøren og glad som ein fugl kom eg i skulen um morgonen. Eg kunde paa mine fingrar kvar dusti eg vart spurd, las tridje artikelen i katekisma og um Saul i bibelsoga so det berre saud etter, og