Side:Per Sivle - Sogor.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Maala eg meg vidare ut korleis dei ein dag køyrde ei liti likkista or tunet. Men han far gjekk baketter, vreid hender og gret: „nei, aa nei! — einaste son min, du vesle Per, du vesle Per! — at eg daa kunde vera so ill med deg?“

Og eg lo ved tanken ein laatt so haas og stygg at det riste i meg sjølv av fælska.

— Men so kom eg til aa hugsa paa henne mor, som no var med buskapen uppe paa fjellstølen, — kor hjarteleg vondt det vilde gjera henne, kor ilt ho vilde koma til aa sitja graata. — Og ikkje anna i verdi kunde faa hugen min so reint vidje-mjuk, som at eg fekk sjaa taarorne taka til aa blenkja henne mor i augo.

— So var det og den nye luva med dei tvo flugsi i nakken og blanke massing-ankeret paa sida. Det var han Per, morbror min, siglaren, som hadde sendt meg henne heim fraa Bergen; og eg hadde no endaa stunda mykje etter aa syna meg i henne ved kyrkja bispedagen.

— Men det verste av alt var dette, at eg for nokre dagar sidan hadde fenge fat i eventyrboki hans Moe og hans Asbjørnsen, og hadde enno ikkje naatt lenger ut enn til „Grimsborken“, som eg hadde høyrt skulde vera so framifraa morosam. — Herre Gud, — det var daa likevel for tungt segja verdi farvel, naar her var so mykje aa liva for!

— Og dagen gjekk sin veg smaatt um senn; og plent det same gjorde modet mitt og. Eg kjende meg med eitt so gaulande svolten, og ein liten freistar tok til aa kviskra: „gjeve Gud eg torde gaa ned faa meg mat!“

Men verre vart det daa det tok paa dimmast; for eg var so forfælande myrkrædd.