Side:Per Sivle - Sogor.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ikkje hadde? meinte ho; enn den gruse triskillingen daa som eg gjekk med i brok-liningi?

„So berre hit med han!“ tok han far frami; der vart snart nøgdi av sovorne no, let han.

Eg forstod det peika ein galen veg dette, og tok so smaatt paa halda meg burtaat døri. Men han far skyna for vel kva eg hadde i tankar, og gripen vart eg just som eg alt stod paa spranget.

Eg veit eg skreik som var ein kniv stungen meg i kroppen. Kva meir eg gjorde kann no vera det same; men visst er det, han slepte meg att, og det snøgt.

Eg ut, og uppetter den store urdi so fort føterne berre vann bera meg.

Straks ovan garden er der ein hardla høg bratt hamar; men fremst framme paa floget stend det her ei stor bjørk, som tøygjer seg like ut yver djupni, greinut og breid.

Dit upp paa hamaren fór eg og kleiv ut i bjørki, — eit vaagespel eg hadde freista nokre gongjer fyrr, men som nok baade den eine og den hin der paa garden skulde lata vera gjera meg etter.

— Sat eg so der millom himmel og jord medan dei heite harm-taaror brann meg paa kjakarne, og saag ned yver verdi som ho laag breidde seg under meg, so urettvis og so vond.

Ein galen tanke steig meg upp i hausen: um eg no berre ein augneblink slepte taket, — so kunde dei sidan hava takk for meg!

Og eg tok til aa drøyma meg korleis det so vilde ganga: Fram mot kvelden vart dei illhuga, skulde stad leita. Men naar dei fann meg der i urdi nedanfyre, sundslegen, blodut og livlaus, — ja, so kunde det vel henda der vilde verta syrgjing og tuting!