Side:Per Sivle - Sogor.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

uppyver. — — Kjærleiken eller triskillingen! — — — Og triskillingen vann. Etter henne kila eg og greip henne; remja seg og skreik gjorde ho, beit meg og i eine fingeren so blodet tippa; men det hjelpte ikkje, eg vreid handi hennar upp og tok skillingen til meg att.

Endaa ja menn var eg likevel tung um hjarta, daa eg sidan fór labbande paa heimveg.

— Men fraa no vart triskillingen meg kjærare enn nokosinne; eg visste kva han hadde kosta meg. — For aa vera so trygg det berre var raad sauma eg han fast under ei bot til brok-liningi, men laut fleire gongjer um dagen spretta uppatt og sjaa um han var der.

IV.

Gjekk det eit par dagar i skulen att. Nettupp som me so ein eftan vart fri, kom han vesle Hans Lundehaugen, skulde sør til kræmaren kjøpa tobak aat far sin.

„Du var gjerne kar kjøpa meg og ein rull, du?“ sa han far.

Ja, han var daa det.

Men som no han far tok pungen sin fram talde etter, hadde han ikkje nok smaapengar.

„Hev du Per aa laana meg so lenge?“ spurde han; for eg pla jamnan tena meg einkvar skillingen med aa selja bær.

Nei, det høvde seg, eg hadde kje solaga no.

Ho Olina og eg, me tvo var som tidaste ikkje plent dei beste bussarne, og passa gjerne paa gjera kvarandre all den smaameinka me kunde. Um eg