Side:Per Sivle - Sogor.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


— Og eg drøymde og drøymde — vakne draumar um henne og meg, og meg og henne. Tidaste var det ein kjelke med vengjer me hadde oss; ho sat framanfyre og eg bakpaa, og so fauk me stad vida yver fjell og hav, baade til Island, Amerika og Nordpolen, og der slumpa me inn i alle dei hendingar som til kunde vera og vel so det.

Høvde det seg naar me var ute leika at nokon gjorde henne meinka i eitkvart, so ja menn var eg reidug paa flekken, eg og! Mangt eit blaatt auga fekk eg for hennar skuld, og likso mange gav eg. Um det endaa var større og sterkare gutar, so raaka det gjerne dei likevel fekk smurning; for han Sjur-Ola var jamnaste til stades, og det ikkje ein evla, det kunde tvo. — — — No, daa so sundagen kom og eg vel hadde fenge bisken og flitt meg, la eg i veg burtetter til Lunde, skulde syna henne Eli triskillingen.

Eg raaka henne nedan løda, der heldt ho og systeri paa spela tolvstein.

Og ho totte no det, at skillingen den var reint makelaus gild. — — Um ho ikkje maatte faa lov halda han i handi? — — Jau — — ho fekk vel det.

Stod ho daa der fikla og fingra med han, nidglante han paa alle leider.

„Du, vesle Per — —?“ sa ho, smeikjande blid som ein rjomekling.

„Ja?“

„Du kunde gjerne gjeva meg denne skillingen, du.“

— — — Det var som kjende eg ei rennelykkja snøra halsen min ihop.

Ho saag nok eg ikkje var so reidug som eg pla til aa dansa etter som ho spela; — og der visste eg ikkje ordet av fyrr ho fór piltande stad