Side:Per Sivle - Sogor.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

so eg trudde det aldri skulde faa ende. — — Eg heldt ikkje ut aa sjaa paa lenger, eg skunda meg paa døri.

Jau, der kom han ruslande, og tok vegen burtetter Grindateigen.

Eg inn, lykelen fram og i laasen; skunda meg skulde eg, og skolv gjorde eg so handi mi dilla. — Men meiner du so det var raad faa den fillelaasen upp! — Laag der ein liten kjepp; den stakk eg inn i lykelauga og vreid til. „Knakk!“ — der sat lykelen fast. — No fyrst vart eg rædd so det muna, reiv og sleit i lykelen gjorde eg alt det eg evla; men han sat som var han skruva, han. — — — Tig no! — der høyrde eg nokon ute i gangen; og den som so tok foten til vara, det var eg.

Ei stund etter kom skulemeisteren tilbake, hadde ærend ned i skrinet sitt, — og kom so etter at lykelen sat i laasen, pinnande fast.

Og der vart eit leven! det var som heile garden kom til aa staa paa ende daa det vart spurt at nokon hadde vore i kast med skulemeisteren sitt skrin. Dei tok meg og fyre seg; — eg! var det likt seg! — og sidan eg aldri var van ljuga slapp eg med sovore.

Slutten vart at han vesle Jens Røysi, son til eine husmannen vaar, fekk skuldi. — Far hans stod slo paa ein teig straks nedan husi, og han Jens og ho Anna, syster hans, var jamt vane vera med, dei tvo, naar foreldri var i arbeid hjaa oss; for der vanka gjerne einkvar godbiten daa.

Det hjelpte ikkje alt det vesalle gutungen la skuldi fraa seg og tuta og gret so hjarteleg ilt. Ho Kari, sumargjenta, kunde segja ifraa ho hadde set han