Side:Per Sivle - Sogor.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

eg likevel tok i miss? — aa tøv! — for korleis so, etter som heile tilhøvet var? — — — Men du, aa du so upplagd og sløg den karen maatte vera!

„Nu, Sjur? — nu? — Hev du reint gløymt din katikismus, no? — — — Lat høyra, kann henda du, vesle Per, kunde gjera skam av honom, endaa so stor og lang han er.“

— Men det var meg plent uraad faa so mykje som eit einaste mukket fram or munnen.

— — — „Det syvende bud, Per? — — det syvende bud? — — Du — — skal — — no daa? — — du skal“ —

„Du skal ikkje stela!“ braut det utor meg medan eg tok til aa bivra yver heile kroppen.

— „Det var rigtig, ja! — Du skal ikkje stela! — — du skal ikke sjele — — ikke — stjele — — saadan er det, ja.

— — — Er du kje frisk, vesle Per?“ sa han.

— Nei — — eg — — hadde litevetta vondt i hovudet.

— Ja, so skulde eg hava lov ganga ut, daa.

Men meiner du eg var god til aa vera lang stundi ute heller! Det var som noko drog og drog meg tilbake; og snart sat eg inne paa benken att.

Eg passa sidan um dagen trutt paa aa halda meg der skulemeisteren var.

— Men kvar kunde han vel — gamle tjonet! ha gøymt den stolne skillingen? — Det var dette eg gruna paa.

Fram ved middagsleite kom det ein kramkar reikande. Skulemeisteren kjøpte ein blyant han, og den som hadde augo med seg daa han tok upp gamle skinnpungen sin og skulde betala, det var