Side:Per Sivle - Sogor.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

meg tvo skilling, gnikaren! so tri, og sidan endaa fire. Men eg er viss paa eg vilde ha sputta etter handel, um han so hadde bode meg alle dei svarte koparpengarne han gøymde i den store laaspungen sin.

II.

Den sumaren skulde bispen koma og halda visitas der i prestegjeldet. Og daa skulde der møtast paa kyrkjegolvet og gjerast greida for kva baade skulemeisterar og born kunde.

So ei stund etter eg var heimattkomen den dagen der kjem han gamle Lars, skulemeisteren, stigande inn i stova med vesle raudmaala skrinet sitt i eine handi. — For me skulde hava skule ei vikes tid til aa friska uppatt fyrr bispen kom. — Skulen var paa umgang den tid, og no skulde han haldast der i huset hjaa oss.

— Han gamle Lars, skulemeisteren, ja! — eg lyt fortelja litevetta um honom. Det var mykje til kar, det. Sine gode tri alner høg var han, endaa han longe var yver dei sytti aari. Han var heller tunn og skrinn av vokster, hadde eit reinskore andlit der tvo utifraa klaare og milde augo lyste upp framigjenom dei store runde sylvgjerde brilleglasi; og make til røyst som hans, so traust og blid og god samstundes, hev eg enno snaudt nok høyrt. — Ei serlaga gaava hadde han til aa taka livet med tol, baade i sorg og gleda. Men so var det daa heller ikkje korkje vitet eller lærdomen som vanta, trur eg! Dei vilde vita han kunde bibelen utanboks fraa perm til perm; — so ikkje presten sjølv jam-