Side:Per Sivle - Sogor.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

som daa dette stod paa, der var eg eldende snaap setja til slaa krok; og der laag me baae tvo, han under og eg uppaa. Men fekk han so ikkje tak med tennerne i eine armen min, meiner du, og beit i so det var som skar det meg tvert igjenom. Eg var like ved skulde setja i aa gaula, men hugsa paa at daa vilde skillingen strjuka sin veg med same. Beit eg so tennerne ihop, sette honom tumetottarne attum øyro og klemde til alt det eg orka. — Og det muna; han slepte taket og sette i ei forfælande beljing. — Eg upp og av garde, og han etter; gret gjorde han, banna, truga og grytte stein; men i laup var det honom uraad naa meg.

Burte i Vindheims-hagen torde eg endeleg stogga og anda ut. Blodet tok smaatt um senn til aa kolna, armen sveid so brennande ilt, og eg kjende ein diger klump veksa fram i halsen min, naar eg hugsa at no var eg og han Sjur-Ola ikkje vener lenger. — Men kor som var, triskillingen hadde eg berga; og so fekk det andre vera som det kunde.

Eg kann her med same segja ifraa, at med han Sjur-Ola og meg greidde det seg att vonom fyrr; endaa eg fæler venskapen vaar etter den dagen aldri var so fulltrygg.

Jau, eg var daa endeleg heime att. — Og der vart bisning paa skillingen, skulde eg tru! Taka i han var det med naudi nokon fekk; men synte han fram gjorde eg, snudde og vende han paa alle leider framfyre augo deira. — Nei, so det var slik dei nye pengarne saag ut. — Og byrg var eg!

Han Ola, lausekaren, vilde plent kjøpa han av meg — han var no jamt so snak, han, etter alt som berre det var noko serlaga ved. — Fyrst baud han