Side:Per Sivle - Sogor.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Og endeleg so tok eg, hakkande og stamande, til aa orda ut um at eg laut hava han aaleine. Men paa det øyra vilde ikkje han Sjur-Ola høyra — ikkje so aa forstaa at me skulde byta sund og so skifta, — var det likt seg! — nei, men me kunde hava han kvar sin dag, vel? eller kvar si vika? — eller og gøyma han einkvar staden der me baae tvo kunde ganga sjaa han so ofte me hadde hug?

Eg veit eg gjorde kva eg kunde, eg, til aa faa han Ola paa andre tankar; ei gamall massingslira og ein avbroten lummekniv — tvo av dei dyraste eigneluterne vaare — baud eg honom hava fritt for meg. Men meiner du det bata det heller — han stod stød paa sitt det same, han.

„Ja, men du veit daa det, vesle Ola, at det var eg som fekk han.“

Fekk han? — ja, berre han og hadde kome paa dette med den fille „benveien“, kunde alltid han vore like so nær som eg; so skillingen var ikkje meir min enn hans, meinte han.

So tok det eine ordet det andre, daa.

Og stutt er aa segja, at ein augneblink etter hende det utrulege: me fauk i toppen paa kvarandre og slost so beistende illsinna som berre dei beste bussarne kann det naar fyrst det bryt laust deim imillom.

Noko sovore som ei lumma fanst ikkje paa min syndige kropp; so eg var truga lata munnen gøyma triskillingen daa eg skyna der vart anna bruk for nevarne.

Du og du so me nappast! — Haarfillorne berre fauk burtetter. Eg fæler at han var vel so evlug han; men so var eg mykje meir spretten, eg. Best