Side:Per Sivle - Sogor.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

som no dei fekk fat i av folk som etter vegen reiste og rak.

Eg ser honom enno den dagen i dag so klaart framfyre meg slik som han laag der i handi mi og gleim i solskinet, so blank, so glitrande blank. Paa den eine sida stod der ei løva med ei øks i labbarne, og beint uppyver var der ei rosa som dei sa meg var kongen si eigi kruna. Men paa den andre sida stod der eit stort 3-tal, som var so framifraa spøkje lage, at ikkje fyrr var skillingen snudd halvt rundt fyrr 3-talet vart til ein „Ɛ“, paa lag maken til dei han gamle Lars, skulemeisteren, skreiv. — Det varde lenge fyrr eg kom etter at det same nok lét seg gjera med andre 3-tal og.

Jau, her var just brigde med mynti i dei dagar, det seinste framfyre at me fekk krunor og øyre, og no var det fyrste gongen me der i bygdi fekk dei nye sylvskillingarne aa sjaa. Kann henda var dette fraa fyrst mykje grunnen til den brennande elsken eg la paa den triskillingen.

— No, so kom daa han Sjur-Ola, han og ein gong, attende. Litevetta flat um nosi var han, etter di han inkjenoko hadde funne; men daa han so fekk høyra og sjaa kor mykje heppnare eg hadde vore, jau daa vart det gleda paa guten.

Det stakk meg i hjarta, og eg kjende som ein tung stein siga meg inn paa bringa; — for eg kunde berre altfor vel skyna han trudde det var noko sjølvsagt noko at triskillingen og var med i sameiga.

Ikkje den ting paa Guds grøne jord tottest eg vita meg som eg ikkje gjerne var halvt med honom um, — naar berre, berre eg fekk eiga denne eine for meg sjølv.