Side:Per Sivle - Sogor.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Dei var runde og blanke som vatsdropar; men det var liv som blenkte i deim, blenkte og blinka nedigjenom ei svart botnelaus djupn.

Byrsa datt meg ut or nevarne. — Og etter kvart skipa det seg som det inkjevetta anna fanst der framfyre enn desse augo.

Paa seinsten vart det til di at eg ikkje berre saag, men paa einkvar maaten endaatil høyrde deim. Eg gaadde deim kje livd-bedande, heller ikkje hemnropande, — anna det var som gav dei ifraa seg ein straum av kviskring, som eg sterkare og sterkare kjende dirra og skjelva meg inn i samvitet, der han laga seg til ei skilleg kjøvande kjensla av hjelpelaus.

— Daa med eitt skar den tanken meg gjenom hugen, at eg vart galen um eg ikkje reiv meg laus og fekk desse tvo augo ut or verdi.

Snaapt som eldingen treiv eg ein lurk og dreiv til fuglen so han fór trillande nedetter bratta.

Men eg gav meg ikkje med dette, eg slo so moldi spruta, slo og trakka og trakka og slo, reint som var eg rasande, heldt paa so lenge det var fjøri aa sjaa.

So treiv eg byrsa og la nedetter i tanande sprang, som hadde eg den vonde sjølv jagande i hælarne etter meg.

— Men trudde eg soleis aa ha tynt dei tvo augo, tok eg i miss. Det varde lenge at dei tak um bil kom svivande og skræmde meg, anten eg so var vaken eller sovande.

Og det veit eg, at ikkje eit einaste skotet meir skaut eg med den byrsa.