Side:Per Sivle - Sogor.djvu/103

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Men ingen bamse fekk eg auga paa, og ingen rev, ikkje eingong ein vesall hare.

Skogen laag mosen og lat i solsteiken, naut si sundagskvild, og berre songfuglarne uppe millom greinerne gav livande læte i stilla.

— Soli heldt alt paa luta den runde raude kjaken sin ned til fjellet i vest daa eg snudde og rusla nedetter, utan at eg hadde løyst skotet.

Og myrk i hugen var eg der eg gjekk. Eg keik til alle sidor etter ei kraaka eller ei skjor, um det ikkje var anna; eg hadde meir enn gjerne teke til takke no. Men i faafengdi vart det.

— Daa høvde det eg vart var ein liten fugl i ein krake straks burtanfyre. Han saag so glad og so godtruen ut som han sat der paa greini og kinka seg og smaatralla.

— Eg hadde elles jamt vore slik ein ven med alle smaafuglar, hadde endaa meir enn ein gong lagt meg imillom naar einkvar gutungen etla seg gjera deim meinka. Men no fekk vondska yvertaket i hugen min med ei fysna etter aa drepa, so eg la byrsa til kjaken og klemde laust.

Røyken sveiv undan. — Men eg skal tru eg vart undren daa eg so fekk sjaa at vesle fuglen sat der paa same staden. Eg gjekk næmare til; men sitjande vart han, med velet stydjande ned paa greini.

Eg kunde sjaa kor hardt ho stræva den fine graakvite bringa; ender og gong gjekk det ein bivr gjenom vesle kroppen, og nede under eine vengen kom der fram ei liten høgraud prikk.

Eg vart standande handfallen saag paa. Men di lenger eg saag, di meir var det dei tvo fugleaugo som reint klumsa meg.