Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

met sit i rikje ɔ: løftes eller og løfter seg sjølv fram i dette romet.

  1. Når du no læs norsk, skal du i regelen ikkje læsa med ein d, som ender ei rotstavelse eller ei endestavelse. Læs: me(d), nau(d), ran(d), såra(d), dau(d)en osv.
  2. Likeins er det i regelen med t, når han ender ei endestavelse. Læs: de(t), ophave(t) osv.
  3. Læs altid gj som j t. d.: se(g)jer, signin(g)ja, ei(g) je(d).
  4. Læs æ som i dei tilsvarande ordom i svensk og dansk (og norskdansk) t. d.: mænner, væra, bæra, tænkje. Some målmænner stava alle ord med e, når dei i si rot har a; men eg følgjer her den same sædvanen som dei tyske, danske og svenske.
  5. I sågodtsom alle mål i evropa og amerika har g og k to uttalemåtar, ein hard og ein mjuk. Romanfolkja merkje ut (med u etter), når g og k (ɔ: c og q) skal læsas hardt førre mjuk sjølvlyd; for dei næmne g og c med mjuk uttale, når dei læs abc, og træng ikkje nokod atåtmerkje . Gjeirmanfolkja næmne derimot g og k med hard uttale, når dei læs abc, og skulde defor merkje ut, når dei skal læsas mjukt ɔ: som gj og kj; for også hos fleire av desse er dette tilfællet, når g og k står tet førre ein mjuk lyd: e, ei, i, y, æ, ø og øy. Men gjeirmanfolkja bruke ikkje stort denne utmerkingja. Dei danske og vi gjer det, når g og k står førre e (lei ikkje førre ei!) hellerikkje førre i og den græske i (y), men atter førre æ og ø (lel ikkje førre øy!)
    Some vil no heilt halde op med å skrive j etter mjuk g og k, og med di auke vanden, som folk alt har med denne misvisande stavemåten. Some vil