Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

stel og det i dit eigjed land! For det går fort frametter med alt ihop i dagom våre. Du ser lynelden er posthest over berg og båre; og govkjedelen er den lunga, som pustar og blæs i dei jarndyrom, som dræg både vågnar og skjip over heider og hav heile jordkugla ikring og knyter mannaætta ihop til eit einaste grannelag å kalle!

Og kan du vel finne nokod så naturleg og beintfram som det, at du skriv og læs netop det målet, som du tæk på tunga, når du talar! Ingen kan negte dette, når han vil bruke vettet sit; berre rangvisheit og fordom kan jabbe imot ein så soleklar sanning. Korleids såg det ut i landom, tru du, medan latinmålet var verdsens einaste bokmål? Og kor glad vart ikkje det tyske folket, då Luther sætte modermålet sit i bibel og andre bøker åt landsmænnom sine; og det danske folket, kor glad vart ikkje det, då det fik byte bort både dei latinske og tyske bøkerne i bøker på sit danske mål; den gangen var det, at vi og slang med og fik dansken in hos os, fordi at vi då (1536) var atpåslæng til Danmark. Defor står ei slik glæde os nordmænner tilfars ænno! og måtte vi då ret snart og manjamt få syn for, at no, netop no står ho å dunkar på døra vår denne glæda og bed om å koma in åt os! Som du veit, naut Noreg også før eingång denne glæda å ha landsens eigjed mål i hædersrome, nemleg i den lykketiden, som fæderne våre hadde, medan verkeleg norske folk rådde i Noreg, altså førre samfæstet (1387) med Danmark og ei god stund sidan også. Sjå, defor har vi god grun til å gråte for gul, vi, som eingång gul åtte; men så har vi defor og des vissare von om ved vår elske å kunne løfte arven vår fram ur si vanvyrding på nyt lag; men dette bli først då, når den norske bonden sjølv tæk in det rette ro-