Kjære bondeman! Tru meg, når eg segjer, at du
vanærar både fæderne dine og deg sjølv og syndar
imot bornom dine, når du ikkje no i flok og fylking
kræver målet dit, landsens mål, både i skule og kjørkje,
i rettargang og bok. Du ampar og talmar deg
sjølv tusen gångar meire, æn du drøymer om, når du
let det gå i langdrag med dette, men tyg så truleg på
dansken, misforstår sjølv og bli misforståt alt i eit, og
saknar hjartemålet dit i alt, like til det høgste og
djupaste, du eig på jorden. Lei veit du, at du kan få
målet dit fram i romet sit utan krig og blod!
Kormange folk har ikkje blød for sit tungemåls ret! Sjå
Polens folk, og sjå dei danske brøderne dine nede i
Slesvik! Dei står dagleg buen til å gå mot od og eg
for sit mål og sin folkelege ret i det heile. Des før
du no vaknar og tæk retten din, des før vin denne
bror din og retten sin; eg har god grim til å tru det.
Og har du nokon gang høyrt gjeted, at eit folk vart
ein retteleg alsidig oplyst og naturleg danad, fri og
lykkeleg landslyd, sålænge det prakkad og flakkad seg
med eit lånt mål i mun og bok men let modermålet
ligge vanvyrdad i avholom, berre for lut og kaldt
vatten? Aldri høyrte du det; og saga, som høyrer alt,
har heller aldri høyrt det. Vil du då ikkje koma
bort som verkeleg norsk folk og ækte born av dei
gjæve fædrom, som i 2000 år hadde hæv heimstad i
gamle Noreg, så „må du hædre far din og mor di“,
ikkje minst med dette, at du på alle sæt brukar det
tungemålet, dei gav deg som det dyraste arvesølvet,
dei åtte! Ja eg veit, at du, som læs dette med
omtanke, held med meg både med hug og hjartelag, og
at det berre er denne vonde uvanen, du drægs med,
som er så tung å lægge av. Men svint deg no! elles
bli du sittande attanfor langslædebrugda i riksens heile
Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/6
Utseende
Denne siden er korrekturlest
