Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

etteråt; ten er nemleg namnet på ti; læs vi 65, så segje vi likeins einarane (5) først og tiarane (6) sidan.

Ved al tallæsning gjeld det om å andse vel på talroma; for kvart rom gjer talet 10 gangar større mot vinstre leiden, altså 10 gangar mindre mot høgerleiden. I 55 er då den vinstre femma 10 gangar større i værd æn den høgre. — Vil du ha oversyn over eit stort tal, så fæster du først auga på det sifret, som står længst til høgre leiden. Dette er einaren og står på einarrome.

t. d: 6 billion
2 hundrtusenmillion
3 titusenmillion
4 tusenmillion
5 hundrmillion
6 timillion
7 million
7 hundrtusen
8 titusen
9 tusen
1 hundr
3 tiar
3 einar

Skriv eg 13 eittor slik: 1111111111111, så har eg 13 einheiter; og kvar vinstre grannen er då 10 gangar større æn den høgre sidemannen sin; altså er kvar høgre sideman berre tidelen av sin vinstre granne.

Medan 1 einar er tidelen av 1 tiar, så er han hundrdelen av 1 hundr og tusendelen av 1 tusen osv.

Skriv eg ei høgre einheit med tal, så fyller eg alle dei lægre einheitroma med nollar, så at eg kan sjå, kvad eittalet gjeld for: t. d. 1000000 (ɔ: 1 million).

+ d. e.: og; ÷ d. e. fråtekjed; × d. e.: gång; : eller ) ( d. e.: delt i deler; = d. e.: er.

1000 = 10 × 100; 100 =¹/₁₀ av 1000.
100 = 10 × 100; 10 =¹/₁₀ av 100.
10 = 10 × 100; 1 =¹/₁₀ av 10.
1 = ¹/₁₀ av 10 + ¹/₁₀₀ av 100 + ¹/₁₀₀₀ av 1000 osv.