Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Læsning av tal etter tidelingen.

Alle tal er gjort av eittale. Tala ifrå 1 til 10 har særeigne grunnamn; og det er let gjort å lære, kor mange eittal kvart av desse 10 ordom peiker på. Men ugjerande vart det å lære eit særeigjed gmnnamn for kvart einaste tal i reknerikje. For no å ha klårt oversyn over alle optænkjelege tal og lel berre fåe heilt nye talnamn, så har folk lært å samle til ti såleids:

10 einarar til 1 tiar,
10 tiarar til 1 hundr,
10 hundr til 1 tusen,
10 tusen til 1 titusen,
10 titusen til 1 hundrtusen,
10 hundrtusen til 1 tusentusen ell. 1 million,
10 millionar til 1 timillion,
10 timillionar til 1 hundrmillion,
10 hundrmillionar til 1 tusenmillion ell. 1 milliard osv.

Slike samlingar på ti, som: 1 tiar, 1 hundr, 1 tusen osv. kalles større eller høgre einheiter.

Kvart tal kan skrivas med siffer eller „tal“. Dette har folk lært av arabarom; og den konsta er til uhorveleg letting. Men det er og ifrå dem vi har lært å læsa tala rangsøles, som vi tildels bruke ænno. Berre vi segje 15, så tæk vi først fram femma og tia (ten)[1]

  1. I tysk kalles ti: tsén, i engelsk både : ten, tin og ti, altså i grttnnen det same som vårt: -ten og ti.