7 Men daa han ſaag mange
av Fariſæarom og Saduccæarom
koma til Daupen hans, daa ſagde
han til deim: „De Ormeungar,
kven lærde dykker aa fly fraa den
tilkomande Vreide?
8 Vere daa Frukter, ſom høva
med Umvendingi,
9 og tenkje ikkje aa ſegja ved
dykker ſjølve: Me hava Abraham
til Fader; for eg ſegjer dykker, at
Gud kann vekkja upp Born aat
Abraham av desſe Steinom.
10 Men Økſi ligg no alt ved
Roti av Treom; difyre ſkal kvart
Tre, ſom ikkje ber god Frukt,
verta avhogget og kaſtat paa
Elden.
11 Eg døyper dykker med
Vatn til Umvending; men det kjem
etter meg den, ſom er ſterkar enn
eg; hans Sko er eg ikkje værdig
til aa bera; han ſkal døypa dykker
med den heilage Ande og med
Eld.
12 Han heve ſitt Kaſteſpjeld
i Handi, og han ſkal reinſka Laaven
ſin heilt igjenom, og han ſkal
ſamla Kornet inn i Løda ſi, men
brenna Agnerna upp i uſløkkjande
Eld.“
13 Daa kom Jeſus ifraa
Galilæa til Jordan til Johannes og
vilde døypaſt av honom.
14 Men Johannes vilde
hindra honom og ſagde: „Eg
treng til aa verta døypt av deg,
og du kjem til meg?“
15 Men Jeſus ſvarade og
ſagde til honom: „Tillat det no;
for ſoleides ſømer det oſs aa fullføra
all Rettferd.“ Daa tilleet
han honom det.
16 Og daa Jeſus vart døypt,
ſteig han ſtrakſt upp or Vatnet,
og ſjaa, Himlarne opnade ſeg fyre
honom, og han ſaag Guds Ande
fara ned ſom ei Duva og koma
yver honom.
17 Og ſjaa, ei Røyſt kom
ifraa Himlom, ſom ſagde: „Denne
er Son min, den elſkade, ſom eg
heve Hugnad i.“
Daa vart Jeſus førd av
Anden ut i Øydemarki til aa verta
freiſtad av Djævelen.
2 Og da han hadde faſtat
fyrti Dagar og fyrti Næter, vart
han hungrig umſider.
3 Og Freiſtaren kom til
honom og ſagde: „Derſom du er
Guds Son, ſo ſeg, at desſe
Steinarne ſkulo verta Braud!“
4 Men han ſvarade og ſagde:
„Det er ſkrivet: Menneſkja ſkal ikkje
liva berre av Braud, men av kvart
Ord, ſom gjeng ut or Guds
Munn.“
5 Daa tok Djævelen honom
med ſeg til den heilage Staden og
ſette honom uppaa Tempelrauſtet,
6 og ſagde til honom: „Derſom
du er Guds Son, ſo kaſta
deg ned! for det er ſkrivet: han
ſkal bjoda ſine Englar um deg, og
dei ſkulo bera deg paa Hender, ſo
at du ikkje ſkal ſtøyta Foten din
paa nokon Stein.“