Side:Nye testamente (1889).djvu/60

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Templet rivnade i tvo fraa øvst til nedst.
52 Og Jordi skalv og Bergi rivnade, og Graverna opnade seg, og mange Likamer av dei avlidne Heilage stod upp.
53 Og dei gjekk ut or Gravom etter hans Uppstoda og gjekk inn i den heilage Byen og vart synlege fyre Mange.
54 Men daa Hovudsmannen og dei, som med honom heldt Vakt yver Jesus, saag Jordskjelven og det, som hende seg, vart dei ovlege redde og sagde : „Sannelege, denne var Guds Son!"
55 Men der var mange Kvinnor der, som stod langt ifraa og saag paa, dei som hadde fylgt Jesus ifraa Galilea og tent honom.
55 Imillom deim var Maria Magdalena, og Maria Jakobs og Jose Moder, og Moder til Sebedeus’ Sønerne.
57 Men daa det vart Kveld, kom ein rik Mann ifraa Arimatea, ved Namn Josef, som og sjølv hadde voret ein L…resvein hjaa Jesus.
58 Denne gjekk til Pilatus og bad um Jesu Likam; daa baud Pilatus aa giva honom Likamen.
59 Og Josef tok Likamen og sveipte honom i eit reint Linklede.
60 Og han lagde honom i den nye Gravi si, som han hadde hogget ut i Berget; og daa han hadde velt ein stor Stein fyre Dyrri til Gravi, gjekk han burt.
61 Men der var Maria Magdalena og den andre Maria sitjande framfyre Gravi.
62 Men Dagen etter, som er etter Tilreidningsdagen, kom Øvsteprestarne og Farifearne saman til Pilatus,
63 og sagde: „Herre, me minnast, at medan denna Ranglæraren livde, sagde han: Um tri Dagar stend eg upp.
64 Giv difyre Paabod, at Gravi maa verta vel vaktad til den tridje Dagen, at ikkje Læresveinarne hans skulo koma um Natti og stela honom burt og segja til Folket: han er uppstaden ifraa dei Daude, og den siste Ranglæra verta skal verre enn den fyrste."
65 Men Pilatus sagde til deim: „Der hava de Vakt; gange avstad og vakte Gravi, som de synast."
67 Men dei gjekk avstad og vaktade paa Gravi vel med Vakt, etter at dei hadde sett Innsigle paa Steinen.

28de Kapitlet.


1 Men daa Kviledagen var avliden, og det var i Lysingi til den fyrste Dag i Vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjaa til Gravi.
2 Og sjaa, der vart ein stor Jordskjelv. For Herrens Engel steig ned ifraa Himmelen og kom og velte Steinen ifraa Dyrri og sette seg paa honom.
3 Men hans Aasyn var som Ljon og hans Klednad kvit som Snjo.