Side:Nye testamente (1889).djvu/6

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Kap. 1.

og ſagde: „Joſef, Davids Son, ottaſt ikkje fyre aa taka Maria, Kona di; for det, ſom er avlat i henne, er av den heilage Ande.
21 Men ho ſkal føda ein Son, og du ſkal kalla hans Namn Jeſus; for han ſkal frelſa Folket ſitt ifraa deira Synder“. —
22 Men alt dette hende ſeg, fyredi at det ſkulde verta uppfyllt, ſom er ſagt av Herren ved Profeten, ſom ſegjer:
23 „Sjaa, ei Møy ſkal verta med Barn og føda ein Son, og dei ſkulo kalla hans Namn Immanuel, det er utlagt, Gud med oſs.“ —
24 Men daa Joſef, vaknade av Svevnen, gjorde han, ſom Herrens Engel hadde bodet honom; og han tok Kona ſi.
25 Og han heldt ſeg ikkje til henne, fyrr enn ho fødde ſin fyrſtefødde Son; og han kallade hans Namn Jeſus.

2det Kapitlet.

 Men daa Jeſus var fødd i Betlehem i Judæa i Kong Herodes’ Dagar, ſjaa, daa kom der Vismenner fraa Auſterlandom til Jeruſalem og ſagde:
2 „Kvar er den Jødekongen, ſom er fødd? For me hava ſeet Stjerna hans i Auſter, og me ero komne og vilja tilbeda honom.“
3 Men daa Kong Herodes høyrde det, daa vart han rædd og heile Jeruſalem med honom.
4 Og han fekk ſaman alle Øvſtepreſtarne og dei Skriftlærde imillom Folket og ſpurde deim, kvar Kriſtus ſkulde verta fødd.
5 Men dei ſagde til honom: „I Betlehem i Judæa; for ſoleides er det ſkrivet ved Profeten:
6 Og du, Betlehem i Juda Land, er ſlet ikkje den laakaſte av Juda Hovdingar; for ut or deg ſkal koma ein Hovding, ſom ſkal vera Hyrding fyre mit Folk Israel.“
7 Daa kallade Herodes Vismennerne til ſeg i Løyndom og ſpurde deim grannlege ut um Tidi, daa Stjerna var ſedd.
8 Og han ſende deim til Betlehem og ſagde: „Gange dit og ſpyrje grannlege ut um Barnet; men naar de finna det, ſo ſegje meg til, ſo at eg og kann koma og tilbeda det“.
9 Men daa dei hadde høyrt Kongen, gjekk dei; og ſjaa, Stjerna, ſom dei hadde ſeet i Auſter, gjekk fyre deim, til ho kom og ſtod uppyver der, ſom Barnet var.
10 Men daa dei ſaag Stjerna, ſegnadeſt dei med ovſtor Fagnad.
11 Og dei kom inn i Huſet og fann Barnet med Maria, Moder hans, og dei fall ned og tilbad honom og opnade ſine Gjøymſlor og bar fram til honom Gaavor: Gull, Røykelſe og Myrra.
12 Og daa dei vart aatvarade av Gud i ein Draum, at dei ikkje ſkulde ganga atter til Herodes, foor dei ein annan Veg til ſitt Land.