Side:Nye testamente (1889).djvu/52

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



20 Og han, som fekk fem Pund, kom fram og bar med seg fem andre Pund og sagde: Herre, du gav meg fem Pund, sjaa eg heve vunnet fem andre Pund med deim!
21 Men hans Herre sagde til honom: Godt, du gode og tru Tenar, du var tru yver litet. Eg vil setja deg yver myket, gakk inn til din Herres Gleda!
22 Men han, som fekk tvo Pund, kom og fram og sagde: Herre, du gav meg tvo Pund, sjaa, eg heve vunnet tvo andre Pund med deim!
23 Hans Herre sagde til honom: Godt, du gode og tru Tenar, du var tru yver litet, eg vil setja deg yver myket, gakk inn til din Herres Gleda!
24 Men han, som hadde fenget det eine Pundet, kom fram og sagde: Herre, eg visste, at du er ei streng Menneskja, som høystar der, du ikkje saadde, og sankar der, du ikkje spreidde.
25 Og eg var redd og gjekk burt og grov ditt Pund ned i Jordi, sjaa her heve du ditt!
26 Men hans Herre svarade og sagde til honom: Du vonde og late Tenar! Visste du, at eg høyster der, eg ikkje stadde, og sankar der, eg ikkje spreidde,
27 skulde du daa ikkje hava sett Pengarne mine ut til Vekslararne, so at eg kunde fenget mitt med Rentor, naar eg kom heim?
28 Take difyre fraa honom det Pundet og give det til honom, som heve dei tie Pund!
29 For kvar den, so, heve, honom skal verta gjevet, og han skal hava fullt upp; men ifraa den, som Inkje heve, stal verta teket jamvel det, forn han heve.
30 Og kaste den unyttuge Tenaren ut i Myrkret utanfyre, der skal vera Graat og Tanngnistring.
31 Men naar Menneskjesonen kjem i si Æra og alle dei heilage Englar med honom, daa stkal han sitja paa Ære-Stolen sin.
32 Og alle Folkeslag skulo samlast framfyre honom, og han skal skilja deim ifraa kvarandre likasom Hyrdingen skil Sauderne fraa Bukkom.
33 Og han skal setja Sauderne paa høgre Sida aat seg, men Buttarne paa den vinstre.
34 Daa skal Kongen segja til deim paa høgre Sida: Kome hit, min Faders Velsignade og erve det Riket, som er tilreidt aat dykker, fraa Verdi var grunnlagd.
35 For eg var hungrig, og de gav meg Mat; eg var tyrst, og de gav meg Drykk; eg var Framand, og de tok imot meg;
36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de saag inn til meg; eg var i Fangehus, og de kom til meg.
37 Daa skulo dei Rettferdige svara honom og segja: Herre, naar saag me deg hungrig og mettade deg, elder tyrst og gav deg Drykk?