Side:Nye testamente (1889).djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


29 Men Jesus svarade og sagde til deim: „De fara villt, daa de ikkje kjenna Skrifterna og ikkje Guds Kraft.
30 For i Uppstoda korkje gifta dei seg elder verta burtgifte; men dei ero som Guds Englar i Himmelen.
31 Men hava de ikkje leset um Upstoda au dei Daude det, som er sagt dykker av Gud, som segjer:
32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? Men Gud er ikkje Gud fyre Daude, men fyre Livande."
33 Og daa Folket høyrde det, undrade dei seg yver Læra hans.
34 Men daa Farisæarne hsyrde, at han hadde maalbundet Sadducearne, kom dei saman.
35 Og ein av deim, som var loglærd, freistade honom og sagde:
36 „Meister, kvat er det store Bodord i Logi?"
37 Men Jesus sagde til honom: „Du skal elska Herren din Gud av alt ditt Hjarta, og av all di Saal og av all din Hug.
38 Dette er det fyrste og store Bodord.
39 Men det andre er likasom dette: Du skal elska Nesten din som deg sjølv.
40 Paa desse tvo Bodord stend heile Logi og Profetarne."
41 Men daa Farisæarne var komne saman, spurde Jesus deim
42 og sagde: „Kvat tykkja de um Kristus? Kven er han Son til?" Men dei segja til honom: „Til David."
43 Han segjer til deim : „Kor leides kallar daa David honom i Anden Herre, naar han segjer:
44 Herren sagde til min Herre: Sit ved mi høgre Hand, til dess eg legg dine Fiendar til Skammel under dine Føter.
45 Naar daa David kallar honom Herre, korleides kann han daa vera Son hans?"
46 Og Ingen kunde svara honom eit Ord. Og ikkje vaagade nokon meir aa spyrja honom etter den Dagen.

23de Kapitlet.


1 Daa talade Jesus til Folket og til sine Læresveinar
2 og sagde : „Paa Mose Stol sitja dei Skriftlærde og Farisæarne.
3 Difyre alt det, som dei segja, at de skulo halda, det maa de halda og gjera; men etter deira Gjerningar maa de ikkje gjera; for dei segja det nog, men gjera det ikkje.
4 For dei binda tunga Byrdor, som ero vandlege aa bera, og leggja deim paa Herdarne aat Menneskjom; men sjølve vilja dei ikkje røra deim med sin Finger.
5 Men dei gjera alle sine Gjerningar til aa synast fyre Menneskjom; for dei gjera sine Minnesetlar breide og gjera Saumarne store paa Kledom sine.