Side:Nye testamente (1889).djvu/45

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



8 Daa segjer han til sine Tenarar : „Brudlaupet er vel reidugt, men dei Bodne ero det ikkje verde.
9 Gange difyre ut paa Vegamoti og bede til Brudlaups so mange, som de kunna finna.
10 Og da desse Tenararne kom ut paa Vegarne, sankede dei alle, so mange dei fann, baade Vonde og Gode; og Brudlaupshuset vart fullt av Bordgjester.
11 Men daa Kongen gjekk inn og vilde sjaa til Bordgjesterne, saag han der ei Menneskja, som ikkje var kledd i Brudlaups klednad.
12 Og han segjer til honom: Kjære, korleides er du komen her og heve ikkje Brudlaupsklednad paa? Men han tagde.
13 Daa sagde Kongen til Tenararne: Binde Hender og Føter paa honom, take og kaste honom i Myrkret utanfyre; der skal vera Graat og Tanngnistring.
14 For Mange ero kallade, men Faae utvalde."
15 Daa gjekk Farisæarne og heldt Samraad um, korleides dei skulde fange honom i Ord.
16 Og dei sende til honom sine Læresveinar med Herodes-Folket og fagde: „Meister, me vita, at du er sannordig og lærer Guds Veg i Sanning, og du ansar Ingen, for du gjerer ikkje Mannamun.
17 Seg oss difyre: Kvat tykkjer du? er det rett aa giva Keisaren Skatt elder ikkje?
18 Men daa Jesus skynade deira Vondskap, sagde han: „Kvi freista de meg, de Skrymtarar!
19 Syne meg Skattepeningen!" Men dei lagde fram fyre honom ein Pening.
20 Og han segjer til deim: „Kven er det Billedet og den Paaskrifti av?"
21 Dei fegja til honom : „Av Keisaren." Daa segjer han til deim: „So give Keisaren det, som høyrer Keisaren til, og Gud det, som høyrer Gud til."
22 Og daa dei høyrde det, undrade dei seg, snudde seg ifraa honom og gjekk burt.
23 Den same Dagen kom Sadducæarne til honom, dei, som segja, at det ingi Uppstoda er; og dei spurde honom
24 og sagde: Meister, Moses sagde: Naar nokon døyr og ikkje heve Born, so skal Broder hans taka Kona hans og reisat sin Broder Avkoma.
25 Men det var hjaa oss sjau Brsder; og den fyrste gifte seg og doydde; og daa han ikkje hadde Avkoma, leet han etter seg Kona si til Brødren sin,
26 og likaeins den andre og den tridje, alt til den sjaunde.
27 Sist av alle døydde Kona med.
28 Men i Uppstoda, kven av dei sjau skal ho daa vere Kona til? for dei hadde henne alle?"