Side:Nye testamente (1889).djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Aldetidi, sende han Tenararne sine til Vingardsmennerne til aa taka imot Frukti hans.
35 Og Vingardsmennerne tok hans Tenarar og slog ein, slog i Hel ein og steinade ein.
36 Atter sende han andre Tenarar, fleire enn dei fyrste, og dei gjorde likaeins med deim.
37 Og tilsist sende han Son sin til deim og sagde: Dei vilja hava Age fyre Son min.
38 Men daa Vingardsmennerne saag Sonen, sagde dei ved seg sjølve: Dette er Ervingen, kome, lat oss slaa honom i Hel og tilvenda oss hans Arv!
39 Og dei tok og dreiv honom ut or Vingarden og slog honom i Hel.
40 Naar no Vingards-Herren kjem, kvat skal han daa gjera med desse Vingardsmennom?"
41 Dei sagde til honom: „Med Illt skal han avøyda desse Illmenne og leiga Vingarden burt til andre Vingardsmenner, som kunna giva honom Frukter i deira rette Tid."
42 Jesus segjer til deim: „Hava de ikkje leset i Skriftom: Den Steinen, som Bygningsmennerne forkastade, han er vorten til Hyrnestein. Av Herren vart han gjord til det og er underfull fyre Augom vaare?
43 Difyre segjer eg dytter: Guds Rike slal verta teket ifraa dykker og gjevet til eit Folk, som ber Frukter av det.
44 Og den, som fell paa den Steinen, han skal verta sunderslegjen; men den, som han fell ned paa, honom sjal han knasa."
45 Og daa Øvsteprestarne og Farifearne høyrde hans Liknadar, skynade dei, at det var um deim han talade.
46 Og dei søkte aa gripa honom, men var redde fyre Folket, avdi dei heldt honom fyre ein Profet.

22de Kapitlet.


1 Og Jesus svarade atter og talade til deim i Liknadar og sagde:
2 „Himmelriket likjest ein Konge, som gjorde Brudlaup fyre Son sin.
3 Og han sende ut sine Tenarar til aa beda dei Innbodne til Brudlaupet; men dei vilde ikkje koma.
4 Atter sende han andre Tenarar ut og fagde: „Segje til dei Innbodne: Sjaa, Maaltidi mi heve eg tilreidt; Uksarne mine og Gjødfeet ero slagtade, og alt er reidugt, kome til Brudlaups.
5 Men dei ansade det ikkje og gjett burt, den eine til Aakren sin, den andre til Kaupstaden sin.
6 Men dei andre greip Tenararne hans og svivyrde deim og slog deim i Hel.
7 Men daa Kongen høyrde dette, vart han harm og sende sine Herar og øydelagde desse Mordarar og brende upp Byen deira.