Side:Nye testamente (1889).djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
21de Kapitlet.


1 Og daa dei kom nær til Jerusalem og kom til Betsage ved Oljeberget, daa sende Jesus tvo Læresveinar
2 og sagde til deim: „Gange inn i den Byen rett fram fyre dykker, og straks skulo de finna eit Asen bundet og ein Fole med henne; løyse deim og leide deim til meg!"
3 Og dersom nokon segjer nokot til dykker, so segje: Herren treng til deim ; og han vil strakst senda deim." —
4 Men alt dette hende seg, at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt ved Profeten som segjer:
5  „Segje til Sions Dotter: Sjaa, Kongen din kjem til deg, hugmild og ridande paa eit Asen og Folen til Asnet."
6 Men Læresveinarne gjekk burt og gjorde, som Jesus baud deim
7 og leidde fram Asnet og Folen og lagde Klede sine paa deim, og han sette seg uppaa deim.
8 Men det meste Folket breidde Klede sine paa Vegen; andre hogg Greinar av Treom og straadde deim paa Vegen.
9 Men Mengdi, som gjekk fyre, og som fylgde, ropade og sagde: „Hosanna, Davids Son, velsignad vere han, som kjem i Herrens Namn, Hosanna i det Høgste!"
10 Og daa han kom inn i Jerusalem, kom heile Byen i Rørsla og sagde: „Kven er denne?"
11 Men Folket sagde: „Denne er Profeten Jesus, han ifraa Nasaret i Galilea." —
12 Og Jesus gjekk inn i Guds Tempel og dreiv ut alle deim, som selde og køypte i Templet, og han velte Bordi deira, som vekslade, og Krattarne deira, som selde Duvor.
13 Og han segjer til deim: „Det stend strivet: Mitt Hus skal kallast eit Bønehus; men de hava gjort det til eit Røvarbol."
14 Og det kom Blinde og Halte til honom i Templet, og han lækte deim.
15 Men daa Øvsteprestarne og dei Skriftlærde saag dei Under, som han gjorde, og Borni, som ropade i Templet og sagde: „Hoaanna, Davids Son", daa vart dei harme,
16 og sagde til honom: „Høyrer du, kvat desse segja?" Men Jesus segjer til deim: „la, hava de aldri leset: Utor Munnen til Smaaborn og Sugborn heve du lagat deg Lov."
17 Og han gjekk ifraa deim og gjekk utanfyre Byen til Betania og var Natti yver der.
18 Men um Morgonen daa han gjekk til Byen, hungrade han.
19 Og daa han saag ett Fikentre ved Vegen, gjekk han burt til det og fann ikkje annat enn berre Blad paa det og sagde