Side:Nye testamente (1889).djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


17 Og Jesus gjekk upp til Jerusalem og tok dei tolv Læresveinarne avsides paa Vegen og sagde til deim:
18 „Sjaa, me ganga upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal verta yvergjeven til Øvsteprestarne og dei Skriftlærde, og dei skulo døma honom til Dauden,
19 og yvergiva honom til Heidningarne til aa verta spottad og hudflengd og krossfest, og den tridje Dagen skal han standa upp atter." —
20 Daa kom Moder til Sebedæus-Sønerne til honom med Sonom sine, fall paa Kne og bad honom um nokot.
21 Men han sagde til henne: „Kvat vil du?" Ho segjer til honom: „Seg, at desse tvo Sønerne mine maa sitja ein paa den høgre og ein paa den vinstre Sida aat deg i ditt Rike".
22 Men Jesus svarade og sagde: „De vita ikkje, kvat de beda um; kunna de drikka den Skaal, som eg skal drikka, og verta døypte med den Daup, som eg vert døypt med?" Dei segja til honom: „Me kunna."
23 Og han segjer til deim: „Vist skulo de drikka Staali mi og verta døypte med den Daup, som eg vert døypt med; men det aa sitja paa høgre og vinstre Sida aat meg, det stend ikkje til meg aa giva andre enn deim, som det er lagat av min Fader."
24 Men daa dei tie høyrde det, vart dei harme paa dei tvo Brøderne.
25 Men Jesus kallade deim til seg og sagde: „De vita, at dei, som styra Folki, valda yver deim, og Stormennerne bruka Herrevelde yver deim;
26 men so skal det ikkje vera imillom dykker; men den, som vil verta stor imillom dytter, han skal vera Tenaren dyttar,
27 Og den, som vil vera den fyrste imillom dykker, han skal vera Trælen dyttar,
28 likasom Menneskjesonen ikkje kom til det aa hava Tenar, men til aa vera Tenar og giva sitt Liv til Løysepening fyre mange."
29 Og daa dei gjekk ut ifraa Jeriko, fylgde myket Folk med honom.
30 Og sjaa, daa tvo Blinde, som sat ved Vegen, høyrde, at Jesus kom, ropte dei og sagde: „Miskunna oss, Herre Davids Son!“
31 Men Folket trugade deim, at dei skulde tegja; men dei ropte meir og sagde: „Miskunna oss, Herre, Davids Son!"
32 Og Jesus stadnade, kallade paa deim og sagde: „Katt vilja de, at eg skal gjera ved dykker?"
33 Dei segja til honom: „Herre, at Augo vaare maa verta opnade!"
34 Men Jesus ynkadest og rørde ved Augo deira, og strakst fekk Augo deira atter Syni, og dei fylgde honom.