Side:Nye testamente (1889).djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

uppgjevet alt og fylgt med deg, kvat skulo daa me faa?"
28 Men Jesus sagde til deim: „Sannelege segjer eg dykker, at de, som hava fylgt meg, de skulo og i Nyskapningi, naar Menneskjesonen sit paa sin Ærestol, sitja paa tolv Stolar og døma dei tolv Israels Ætter.
29 Og kvar den, som heve uppgjevet Hus elder Broder elder Syster elder Fader, elder Moder, elder Kona, elder Born, elder Aakrar fyre mitt Namns Skuld, han skal faa det atter hundrad Gonger og erva ævelegt Liv.
30 Men mange, som ero dei fyrste, skulo verta dei siste, og dei siste dei fyrste."

20de Kapitlet.


1 „For Himmelriket er likt ein Husbonde, som gjekk ut tidlege paa Morgon til aa leiga Arbeidfolk i Vingarden sin.
2 Og daa han var samtykt med Arbeidsfolki um ein Pening fyre Dagen, sende han deim til Vingarden sin.
3 Og han gjekk ut ved den tridje Timen og saag andre standande leduge paa Torget,
4 og han sagde til deim: Gange de og til Vingarden, og det, som rett er, vil eg giva dykker; men dei gjekk.
5 Han gjekk atter ut ved den fette og niande Timen og gjorde likaeins.
6 Men ved den ellevte Timen gjekk han ut og fann andre standande leduge og segjer til deim: Kvifyre standa de her leduge heile Dagen?
7 Dei segja til honom: Fyredi Ingen leigde oss. Han segjer til deim: Gange til Vingarden, og det, som rett er, skulo de faa.
8 Men daa det vart Kveld, segjer Vingards-Herren til Hushaldaren sin: Kalla Arbeidsfolki saman og giv deim Løn, og byrja med dei siste, og enda med dei fyrste!
9 Og dei fraa den ellevte Timen kom og fekk ein Pening kvar.
10 Men daa dei fyrste kom, tenkte dei, at dei skulde faa meir. og dei fekk og kvar sin Pening.
11 Men daa dei den fekk, knurrade dei imot Husbonden,
12 og sagde: Desse siste hava arbeidt berre ein Time, og du heve gjort deim like med oss, som hava boret Dagsens Byrd og Hite.
13 Men han svarade og sagde til ein av deim: Min Ven! eg heve ikkje gjort deg Urett. Var du ikkje samtykt med meg um ein Pening?
14 Tak ditt og gakk; men eg vil giva denne siste likt med deg.
15 Elder heve ikkje eg Lov til aa gjera med mitt det, eg vil? elder er ditt Auga vondt, fyredi eg er god?
16 Soleides skulo dei Siste vera dei Fyrste og dei Fyrste dei Siste, for Mange ero kallade, men Faae utvalde."